![]()
Dagen etter at Kulturrådets innkjøpsordning for teikneseriar endeleg vart vedtatt, er det no klart kven som skal stå for den faglege vurderinga.
Leiaren av det nye utvalet er Eivor Vindenes. Vindenes har ein variert bakgrunn som redaktør, forfattar og vokalist.
Ho har redigert og skrive teikneseriar for Jippi/Forresten, var på Bladkompaniet redaktøren bak salige Smult, bladet som var for godt for denne verda, og følgte opp dette med eit tiårs erfaring som teikneserieredaktør hos Schibsted.
John M. Jacobsen er prisvinnande filmprodusent og leiar av produksjonsselskapet Filmkameratene. Hans innsats for norsk film har gjort han til kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, og han har erfaring som spenner frå Prima Vera til Max Manus.
Marius Renberg er illustratør og designer, to gonger innehaver av «Merket for god design», tidlegare nestleiar for Grafill og noverande styremedlem for Leser søker bok. Han har illustrert barnebokprosjektet «Tre vise dyr», og designa logoar både for NRK og Donald Duck.
Som vara finn ein Nils Nordberg, krimekspert og tidlegare instruktør i NRK Radioteateret. Ved sidan av krim har han også satt opp ei rekke science fiction-produksjonar.
Det har tidlegare vore retta ganske skarp kritikk mot Kulturrådet for at dei som har vore sett til å vurdere teikneseriar ikkje har hatt nok teikneserieerfaring og -kunnskap, men heller vore henta inn frå film- og litteraturfeltet.
Også her er dei tilstøytande kunstformene film og teater tungt representert, så ein kan kanskje spørje seg om ikkje det er andre som har meir spissa fagleg tyngde. Det er i alle tilfelle oppløftande å sjå at dei valt Eivor Vindenes, ei dame med solid erfaring både frå produksjon og utgjeving av teikneseriar, til leiar, og vi ønskjer det nyoppretta utvalet lykke til med det første året, og håper folkebiblioteka får alle dei 15 titlane det no er opna for å kjøpe inn.
