Norsk kulturråd – tildelinger teikneseriar 2011

Norsk kulturråd

Tildelingane frå Norsk kulturråd til teikneseriar 2011 viser ei gledeleg auke i prosjektstøtte.

2. desember kom ei ny runde med tildelingar frå Norsk Kulturråd, og årets tildelingar teiknar eit interessant bilete.

Heile tabellen over tildelingar finn ein på kulturrad.no, og der kan ein mellom anna lese at vår organisasjon har fått 60.000 kr til å halde fram arbeidet med å gjere Bobla til eit skikkeleg godt blad. Vi takkar for den gledelege meldinga.

Oslo Comics Expo omtalte på twitter Egmont Serieforlaget AS som årets vinnarar, og med 473.000 kroner var det dei som fekk mest på denne tildelinga. Erle Marie Sørheim svarte med irritasjon over støtte til julehefta.

Tidlegare i år var det teikn til diskusjon rundt Norsk Kulturråds teikneseriestøtte, då nokre av Serienett.no sine ivrige debattantar hadde sterke meiningar om at Raptus – Bergen Internasjonale tegneseriefestival fekk 200.000 frå same pott som forlag og teikneserieskaparar søkjer til utvikling av teikneseriar, medan Oslo Comics Expo får støtte som litteraturfestival.

For å kommentere juleheftestøtta først, så er det fem av Egmont sine 35 julehefte som har fått støtte, og desse fem har fått 10.000 kvar, medan snittet til utgjevingar i 2011 er 43.000. IKA Kongsberg fekk 10.000 til kvar av sine fire utgjevingar, Egmont fekk 4.000 til Humorparaden og 5.000 til Flu Hartberg i Humorparaden, og Solstrand Tekst og Bobler får 5.000 for Nettserier Unplugged. Alle andre utgjevingar fekk meir enn julehefta.

Om ein tar snittet for støtte til utgjevingar ligg Egmont midt i feltet med 39.000, medan No Comprendo Press og Jippi Forlag får 58.000.

Skal nokon trekkast fram som «vinnarar» i år er det fristande å heller utrope to teikneserieskaparar enn nokon av forlaga. Både Ingalill Røsberg (Inkalill Forlag) og Lene Ask (Jippi Forlag) fekk 100.000 i år.

Det ser i alle fall ikkje ut til å vere særleg grunn til å klage over at Norsk Kulturråd i veldig stor grad støttar kommersielle seriar i staden for smalare utgjevingar.

Derimot er det eit anna område som har fått mykje støtte dette året, og det er ulike arrangement om teikneseriar. I 2008 og 2010 gjekk ikkje nokon av tildelingane til slike arrangement.  I 2009 fekk Raptus 60.000 og Are Myklebust 6.700 (Celebrating the Duck — arrangement på Serieteket).

Tala for 2011 er ganske annleis:

  • Laksevåg forlag: 90.000 kr til Serietreff 2012
  • Laksevåg forlag: 50.000 kr til Serietreff 2011 (først kalt Tegneseriefest 2011)
  • Laksevåg forlag: 60.000 kr til nett-tidsskriftet Serienett
  • Grafill Tegneserier: 13.600 kr til seminardag under Oslo Comics Expo
  • Raptus 2011: 200.000 kr
  • KinoKino – Senter for kunst og film: 75.000 kr

Totalt gjekk altså 488.600 kr til seminar, utstilling, debatt og festival. Det kan vere grunn til å tru at støtta til Raptus er knytt til dei mange teikneseriekursa og workshops under festivalen. Sidan Bobla inneheld både nye teikneseriar og artikkelstoff kunne ein kanskje rekna inn også delar av dei 60.000 Norsk tegneserieforum fekk i støtte.

Dette er ein bra sum til aktivitetar som ikkje direkte vert nemnt i mål for «Nye norske tegneserier»:

Ordninga skal sikre at det finst nye, norske kvalitetsteikneseriar for alle aldersgrupper.

Det er svært gledeleg at det blir gjennomført teikneseriearrangement og at desse får prosjektstøtte. Støtte til slike arrangement er eit av punkta i retningslinjene for ordninga, men dei kunne kanskje nemnt det også under måla.

For skjønnlitteraturen, der teikneseriar i ein del tilfelle vert innlemma som slektningen med dei artige påfunna, finst det ei enorm mengde arrangement, festivalar, tidsskrift, seminar og kurs.

Desse er viktige for å bygge interesse rundt kunstforma, og slik bør det vere for teikneseriane òg. Årets tildelingar viser vilje frå Norsk Kulturråd til å støtte tiltak i mange former, både på papir, nett og på pubar over heile landet, og dei viser at det nyttar å søke.

Ei høgst subjektiv meining til slutt: Nokre år med frivillig arbeid i ulike organisasjonar har lært meg at økonomisk støtte ikkje berre handlar om å praktisk kunne gjennomføre prosjekt ein brenn for, men at det også gir tyngde både innetter og utetter gjennom å få aksept for at prosjekta har verdi for andre enn dei som set dei igang.

Eg håpar å til neste år sjå endå fleire søknader til slike og andre prosjekt i Norsk kulturråd sine postjournalar, enkelt og greitt av di fleire søknadar er nært knytt til høgare aktivitet. Og får dei søknader for mange nok gode prosjekt får ein tru at potten vert endå større med tida.

One Response to “Norsk kulturråd – tildelinger teikneseriar 2011”

  1. Erle

    Min kommentar var kun til utdelingen 2. desember, året i sin helhet ser jo mye mer «fair» ut. Og de juleheftetildelingene er jo mer småpenger å regne, men at f.eks, Stomperud skulle trenge støtte blir for meg litt bakvendt. Registrerer også summer i 100 000-kroners klassen til Nemi, Pondus og Rutetid, hva er den støtten til? Er det til de andre seriene i bladet?

Skriv eit svar