Det er ikkje berre Norsk Tegneserieforum og Bobla som er opptatt av teikneseriar for barn.
The Finnish Comics Society har no starta arbeidet med denne samlinga, som vert ein oppfølgjar til Kolor Klimax, fjorårets antologi med nordiske teikneseriar.


I november deltok Norsk Tegneserieforum på eit møte med representantar frå FCS/Nordicomics, Serieteket, No Comprendo Press og Jippi, der behovet for fleire teikneseriar for barn og denne antologien var tema.
Finnane har stand på Oslo Comics Expo i helga, så stikk innom og høyr kva finnane har på tapetet!
