Innkjøpsordning oppretta

Norsk kulturråd

Då er det ikkje lenger nokon tvil, Noreg har innkjøpsordning for teikneseriar!

Inntil 15 teikneseriar skal kjøpast inn kvart år, og slik vil norske teikneseriar etter kvart verte godt representert på norske folkebibliotek.

Line Fallan Sørensen reknar med at Kulturrådet raskt har kriteria klare, og at første søknadsfrist kan verte allereie 1. mars 2012.

Norsk tegneserieforum gratulerer breitt med den nye ordninga, og kastar oss på Sørensen sitt håp om at innkjøpsordninga vil bidra til at teikneseriar kan hevde seg som ei sjølvstendig kunstform, og gjere fleire teikneserieskaparar i stand til å jobbe langsiktig med å utvikle forma.

Utvalet som skal vurdere innsendte verk kjem til å bli oppnemnt i dag, 24. januar, og vi ser med spenning på kven som i 2012-2013 skal ha dette viktige ansvaret.

Skriv eit svar